BokBøker skoleåret 2009/2010

 

Alle elever får låne lærebøker av skolen. Engangsmateriell (f. eks. arbeidsbøker) som en skriver i, må elevene være forberedt på å måtte kjøpe selv.

 

               Datamaskiner

 

Bruke bærbar PC - Fylkets informasjonsbrosjyre

PC-ordning skoleåret 2011/2012 for elevar i vidaregåande skole

Elevane på dei vidaregåande skolane (fylkeskommunale) er pålagt å ha berbar PC til bruk i undervisninga.

Elevane som startar på første året (vg1) har ei valfri ordning for å skaffe seg PC:

- Ein berbar PC, som vert utlevert ved skolestart*
- Eit eingongstilskott til kjøp og bruk av eigen PC*

 

*Ordninga gjeld berre elevar på Vg1-trinnet ved Møre og Romsdal fylkeskommune sine vidaregåande skolar. Ordninga gjeld ikkje for elevar som har fått PC eller tilskott frå fylket tidlegare.

 

 

1. PC frå fylkeskommunen

PC-en som eleven får utlevert på skolen ved skolestart er ein Lenovo ThinkPad Edge 13,3”.

For meir informasjon om PC’en sjå nederst i denne artikkelen eller gå inn påwww.adcom.no

Elevane får ei service- og forsikringsordning med på kjøpet som gjer at eleven er garantert fri service og forsikring. Ordninga dekkjer ikkje tap/tjuveri.

For PC-en vil du som elev få ei rekning på ein årleg eigenandel frå fylkeskommunen. For skoleåret 2011/2012 er eigenandel på kr. 890.( jf. § 19-6 i forskrifta til opplæringslova om fylkeskommunen sitt ansvar for utgifter til læremiddel og utstyr).

Eleven får eit utstyrsstipend frå Statens lånekasse for å halde seg med utstyr( sjåwww.lanekassen.no). For skoleåret 2011/2012 er minimumsstipendet på kr. 890. Dette må du søke lånekassa om.

Du får ein PC frå fylkeskommunen som du må betale kr 890,- per år for.

Søk Lånekassa om utstyrsstipend på kr. 890,-

Etter tre år får du PC-en. Dersom du sluttar som elev tidlegare kan du overta den med eit mellomlegg svarande til dei gjenståande innbetalingane.

Vi viser elles til nettsida ungweb.no for ein nærare presentasjon av PC-en og PC-ordninga.

Dersom du vil at fylket held deg med PC som du får utlevert ved skolestart må du registrere deg på ungweb.no. Fristen har gått ut.

2. Eingongstilskott frå fylkeskommunen til kjøp/bruk eigen PC.

Dersom du held deg med PC sjølv får du eit eingongstilskott frå fylkeskommunen. Dette tilskottet er kr. 2 500 og vil bli utbetalt i oktober. Du treng ikkje søkje om å få utbetalt dette tilskottet frå fylkeskommunen.

Det blir ikkje kravd eigendelar for bruk av eigen PC på skolen.

Som elev får du og eit utstyrsstipend frå Statens lånekasse for å halde seg med utstyr, sjåwww.lanekassen.no, for skoleåret 2011/2012 er minimumsstipendet på kr. 890. Dette må du søke lånekassa om.

Dersom du held deg med PC sjølv kan du få råd frå skolen om minimumskrav til PC’en.

Når det gjeld PC-ordninga rår vi deg til å følgje med på ungweb.no og skolen sin heimeside for å halde deg informert.

Velkomen som elev til fylkeskommunen sine vidaregåande skolar.

Helsing

Per Hoem

Fylkesutdanningssjef

Kontaktpersonar - ta kontakt på epost og ikke telefon, det er ein veldig hektisk periode, du vil få svar på epost.

Kristin Glæstad Vonheim E-post: kristin.glastad.vonheim@mrfylke.no

Gry Hansen E-post: gry.hansen@mrfylke.no

................................................................................................................................................................................

Lenovo ThinkPad Edge 13,3”.

Skjerm 13.3” HD Anti-Glare (1366 x 768 )
CPU

Intel 2

 

Gen Core i3-2310M ( 3M Cache, 2.10 GHz )

Vekt 1,74 kg
Størrelse 322 x 224(+4) x 26.7~30.9mm
Grafikk Intel HD Graphics
OS Win 7: Home Pro64
Minne 2GB DDR3 (2 DIMM slot)
I/O

VGA, HDMI, 3 USB (inkl 1 eSata/USB combo

og 1 powered USB), RJ45, 4-i-1 mediakortleser

Kommunikasjon Gigabit Ethernet, Bluetooth 3.0, ThinkPad abgn WLAN
Styreeining (mus) Trackpoint og Clickpad
Harddisk 320GB 5400rpm harddisk
Audio Stereo høyalere, digital mic, combo mic/hodetelefon