Utveksling med 't Atrium i Amersfoort i Nederland

Students from Spjelkavik videregående skole are in week 4 2005 in Amersfoort in Holland. Here you can read and see what happens during their stay.

Mail from students

 


Her er gjengen som reiste til Amersfoort lørdag morgen.


Vi går om bord i flyet.


Siri og Elvis Costello


Her er gjengen på Kastrup.


Bjørn


Karoline og Carmen


Fra vår presentasjon


Gymgruppa


Bauke?


Volleyball


Finale


The winners


Hele gruppa


Iskrem??? - det ser jo kaldt ut fra før.


Kanaltur 1

Flere bilder fra utvekslingen


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

21.01.05

Turen til Amersfoort laurdag gjekk stort sett utan vanskar. Det verste var at forseinking på Vigra gjorde at det ikkje vart handel i taxfree- butikkane på Gardermoen! Og eit høgdepunkt på neste strekning var at Elvis Costello var i same flyet, og det verka som han skreiv autografar til dei som ville ha.

Det var heller ikkje lange stoggen på Kastrup så før vi visste ordet av det var vi i Amsterdam. Det er ikkje til å unngå at pulsen vert ganske høg når ein går ut for å møte dei som skal  vere vertar den neste veka, men alt gjekk som smurt og snart var  dei over alle haugar.

 23.01.05

Søndag var elevane saman med vertsfamilia si, og måndag morgon tok alvoret til: Først presentasjonen i rådhuset. Det starta med at oldermannen helste forsamlinga på hennar språk, frisisk. Så skulle dei ulike skulane helse på sitt eige språk. Spjelkavik/Bjørn var først ute og sette standarden for dei andre. Og i presentasjonen gjorde elevane våre det svært bra. Så bra at dei fekk det meste av innslaget som kom i lokal-TV! Deretter gjekk turen til skulen, noko som ikkje var så enkelt på sykkel når der er såpeglatt is på vegane. Men alle kom fram heile, og etter omvising på skulen og litt innføring i nederlandsk starta prosjekta.

25. 01. 05

Tirsdag. Og den forste heile arbeidsdagen nærmar seg slutten og det ser ut som om arbeidet i alle gruppene har gått bra. I morgon er det spørjekonkurranser og volleyballturnering så det blir litt andre utfordringar.

Nok en gang en stor suksess for klassa vår under mottakelsen i Amersfoort rådhus i formiddag. Det var elever og lærere fra 11 forskjellige land til stede, sa mange har vi aldri vært før. Fra Frankrike, Italia, Katalonia (Spania), Tsjekkia, Portugal, Polen, Kanada, Norge og Nederland. De fleste elevene hadde presentatsjoner enten muntlig, gjennom video eller filmer om sine respektive land, heimsteder og skoler, slik at vi alle fikk et bra inntrykk av hvor alle kommer fra.  Bare Norge hadde et "fashion show" vinter, vår, sommer og høstmoter, med både kongelige, russ, troll, vanlige folk og vikinger m fl alt med tilpasset musikk og to eminente konferansierer, Lene Beate og Marianne, som løste alt flott igjennom. En ypperlig presentasjon som både elever sjøl, lærere og foreldre kan være stolte av.

Det var snø og kaldt i morges, ikke så uvant for oss men ganske så nytt, f. eks. for de fra Portugal som skulle sykle på glatta.

Nå på skolen er oppgaver fordelt og alle satt igang og de aller fleste er svært fornogde.

26.01.05

Onsdag alt! I dag har det vore spørjetevling med blanda lag frå dei fleste nasjonane som er her. Det var nokre nye spørsmål også i år, m.a. kven som var den mest berømte komponist frå Norge av m.a. Solveig Klungsøyr, Olav Grønningsæter og Grieg! Tre frå kvart av dei seks beste laga (av 20 lag) deltok i finalen i aulaen. Der var norske på fleire lag, m.a. på dei tre beste.

No er det volleyballturnering i gymsalen. Veit ikkje korleis det går for internett vert stengd om 20 min så eg må prøve å få avstad denne rapporten med bilete.
 


Hvis du har bredbånd og kan nederlandsk eller er involvert, har du kanskje utbytte av dette TV-innslaget hentet fra 't Atriums hjemmeside.

TV-innslag fra åpningsseremonien.
 

Bilder fra åpningsseremonien fra det Europeiske nettverkets hjemmeside


27.01.05
 

Torsdag. Ulike program i dag. Gymgruppa reiste til Amsterdam tidleg. Dei har vore på universitetet og m.a. utført ein del testar, men vi har ikkje møtt dei. Dei reiste frå Amsterdam rundt kl 16.

Dei to andre gruppene hadde først ein halv arbeidsdag på skulen før dei og drog til Amsterdam med buss. Første post på programmet var kanaltur. Og her imponerte Bjørn med språkkunnskapane sine:

 ”Schipper mag ik overvaren. ja of nee?”

 ”Ja”

”Moet ik dan een cent betalen, ja of nee?”   

”Ja, de helft”

Sjå biletet.

Sjå og ein detalj over biletet av kanalbåten: Kong Haakon og prins Bernhard i 1954!

 Etter båtturen var dei fleste i Anne Frank Huis og etterpå var det ca 4 timar shopping! Alle var på plass då bussen kom kl 19. På trass av litt småregn og kulde var gjengen i strålande form.

Men korleis nokre orka å ejte iskræm, de sjønækje ej!


28.01.05

Fredag. To av gruppene har lagt siste hand paa verket med prosjeka, medan PE-gruppa har organisert ei volleyballturnering for smaarollingar fraa ein naboskule. Var der i om lag 10 min og saag paa, men maatte daa ut for aa gjenvinne hoyrselen! Legg ved nokre bilete.

 

I kveld er det stort party for utvekslingselevane, og eit avskjedlag for laerarane. Det er aa vone at alle kjem seg til flyplassen til rett tid i morgon!