|
§ 4A-3. Rett til vidaregåande
opplæring for vaksne
Vaksne som har fullført
grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført
vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til
vidaregåande opplæring. Første punktum gjeld vaksne frå og
med det året dei fyller 25 år. Opplæringa for vaksne skal
tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast
mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet gir
nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om
inntak, rangering og førerett.
Vaksne som er tekne inn til
vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre
opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til
vidaregåande opplæring etter første leddet.
I fag der læreplanen føreset
lengre opplæringstid enn tre år, har dei vaksne rett til
opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i
læreplanen.
Opplæringa i offentleg
vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis.
Fylkeskommunen har ansvaret for å halde vaksne som får
vidaregåande opplæring, med nødvendige trykte og digitale
læremiddel og digitalt utstyr. Vaksne som får vidaregåande
opplæring, kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av
utgiftene til dette utover det som følgjer av forskrift.
Fylkeskommunen kan påleggje vaksne som får vidaregåande
opplæring, å halde seg med anna individuelt utstyr som
opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet
kan gi nærmare forskrifter.
Vaksne som har rett til
vidaregåande opplæring har rett til vurdering av
realkompetansen sin og til kompetansebevis. Personar som
ikkje har rett til vidaregåande opplæring, skal få vurdert
realkompetansen sin om dei blir vist til dette av kommune
eller Arbeids- og velferdsetaten. Departementet kan gi
nærmare forskrifter.
Fylkeskommunen skal gi
kompetansebevis på grunnlag av realkompetansevurdering på
vidaregåande opplærings nivå. Departementet kan gi nærmare
forskrifter. |