Utveksling med 't Atrium i Amersfoort i Nederland

Students from Spjelkavik videregående skole are in week  2006 in Amersfoort in Holland. Here you can read and see what happens during their stay.

Mail from students

 


Avskilsdansen


Hallingpark


Programleiar og songar


Like før start


Trollet røvar prinsessa


Oskeladden drep trollet


Kroppsøving i klatreveggen
 


Tirsdag


Volleyball


Papirarbeid


Salto


The Noble Art of Self Defense
 


Onsdag:


Carl von Linné



Atlasarbeid


Oppgaveløysing


Premieutdeling


Volleyball


Batman


Cooooool


Klompen


Miljøgruppa


Red Light District


Attende på skulen.

 

Måndag.

Elevane har hatt sine første dagar her i Amersfoort.

Som rapporten frå Tyskland fortalte vart det knapt med tid både på Gardermoen og Kastrup.

Men all bagasje kom fram til Amsterdam i tide. Verre var det med andre ting: Ein av elevane gløymde att lommeboka i flyet. Det same gjorde ein av lærarane, så han ser ikkje noko han kunne ha kjøpt heller. Om han hadde hatt penger…..
Ny melding på onsdag: Læraren miste og brillene sine. Kven var det då?

Presentasjonen i rådhuset var ein suksess. Kommentarane var mange og gode. Nokre sa at dette var det beste som har vore vist av dei norske, og det er sterkt då dei har vore dei beste kvart år!!

 

No er dei godt i gang med ulike oppgåver, som dei skal fortsette med i morgon. Onsdag er det spørjetevling og volleyballturnering, torsdag er det Amsterdam.

Og fredag er det avskilslag.


Tysdag!

Den store arbeidsdagen. PE-gruppa driv på så svetten silar. Dei vekslar mellom å denge laus på kvarandre og å vere gode føredøme for smårollingar frå naboskulen!

Environmentgruppa er bokstaqvleg spreidde for alle vindar. (Og det er litt av dei her i Amersfoort desse dagane.) Dei er ute i felten og samlar informasjon, for deretter å kome til skulen og fullføre papirarbeidet.

Og i morgon er det fellesaktivitetar med alle gruppene.

 

Onsdag

I dag har det vore mykje aktivitet på gjengen.

Både med haud og kropp!

Spørjetevlinga tidleg på dagen hadde mange ulike oppgåver; både PC-bruk, bruk av atlas, matematikk og generell kunnskap.

Det vakte ein del latter frå dei norske då lag utan norske deltakarar meinte at Olav Grønningsæter eller Andreas Bjørnerem var den mest kjente norske komponisten!

 

På dei 6 finalelaga (av 20) var der fleire norske. Også på vinnarlaget.

 

Etter den store finalen var det volleyballturnering med mykje moro.

 

Ein av lærarane bor i ein liten by som heiter Harderweijk. Der budde i si tid ein ikkje ukjent svenske som heitte Carl von Linne. Og sjølv om biologilæraren ikkje kan tilgi at han kalte den brune rotta for Rattus norvegicus sender vi likevel eit bilete av tårnet hans!

 

Og i morgon er det Amsterdam som er målet!

Torsdag.

Amsterdam!

PE-gruppa reiste tidleg for å gå på skøyter på Jaap Eden Stadion..

Bussen skulle kome attende for å hente resten av gjengen kl 1000, men kom ikkje før rundt 11. Men etter ein kort rundtur i byen, m.a. til Red LigthDistrict, kom dei i gong med hovudarbeidet: Shopping. Og her synte mange eit så stort talent at det for ein biolog ikkje såg ut til å vere tillært, med arva!

Og i morgon er det oppsummering og avskilslag.

Både for studentar og lærarar.

(No jenge tia so fort at ein ikkje rekke å bli blakk før d e lønning igjen!)

Attende i Maaren fann Ronald Ridder, den nederlandske læraren for miljøgruppa, at dyreambulansen hadde vore der med ei sjuk flaggermus. Etter litt førstehjelp vart ho plassert i ei spesialkasse, og morgondagen vil syne resultatet! (Fylg med i neste bolken!)

Måndag.

Sjå det siste biletet.

Attende på skulen.

Gruppene som hadde vore i Tyskland og i Nederland møttes, og alle hadde mykje å fortelje.

Dei bobla over av iver for å fortelje kva den einskilde hadde opplevd.

”Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur!”