Feltarbeidet i Litlevatnet

 

Det årlege feltarbeidet i Litlevatnet for biologielevane i 3Bi gjekk føre seg 7. og 8. september. Værmeldingane var ikkje oppløftande i det heile tatt, men i starten var det slett ikkje så verst. Og elevane gjekk til verket med liv og lyst, og alt vart gjennomført med stil. Utan sutring, sjølv om det vart temmeleg vått til slutt.
Det er lett å vere lærar med slike elevar!